Påskebasaren 2014
Tekst: Kari
 
Like sikkert som skjærtorsdag er påskebasaren i Jordalen. Basaren har røter attende i alle fall 50-60 år.  Det har vorte tradisjon for mange av gjestene å komma på basar år etter år.
Og stemninga er det aldri noko å seia på, den stig i takt med åresal og trekking.
 
 
Basaren i år vart ein knallsuksess med rekord i tal gjester, heile 110 menneske fekk plass i skulestova denne kvelden.
Me hadde fått inn mykje fine gevinstar, og det var mange som hadde fleire ting på ynskjelista.
Jubelen stod i taket fleire gonger når trekkinga føregjekk og nokon fekk tilslag på åra si.
 
 
Grendalaget er fem år den 28. april i år, og me var så utruleg heldige å få besøk av sjølvaste ”Kongen”. Han kom for å feira saman med oss! Me fekk også besøk av ”Bruaset’n” og  Kolbein Potebrekkena. Han Kolbein var forundra over alt dette nye som er på gang i Jordalen, og lurte no beint på om det ville verta så gjevt. For kva skal han klaga på no? For når nyevegen kjem kan han ikkje  klaga over vegen meir, skulen er nedlagd og går ikkje an å klaga over. Einaste trøysta var at vatnet vart vekke kvelden før basaren!
 
 
Han Kolbein er så gammal at han har tre stemmer på årsmøtet i grendalaget, og med så høg alder kan det vera tungt nok å tilpassa seg!
Med seg til å akkompagnera hadde dei fått med seg Andreas Kollvangsnes på toradar og Yngve Jordalen på bass.
Etter fem omgangar med åresal og trekking, kake og kaffi og god underhaldning innimellom
kunne me fastslå at basaren nok ein gong var vellukka. Det var mange som fekk med seg ein gevinst eller to heim, og mange fekk helsa på vener og kjende som gjerne er i Jordalen på vitjing i påsken.
 
 
Takk til alle som kom og gjorde kvelden så kjekk. Takk til alle for innsatsen som vert lagt ned kvart år i å arrangera påskebasaren. TAKK for alle gevinstar!
Fleire bilete frå påskebasaren finn du her:
 
 
 
 
 
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10