Gratulera med dagen!
Rundt 60 interresserte var på møtet i Jordalen skule. Nærast: Kåre Ulvund, rektor Oppheim/Jordalen skule, bak han Bjørn Sture Rosenvold, Aurland Kommune og til venstre for han Bjarne Gjerme, medlem i Jordalsvegnemda.
 
Tekst: Kari
 
Endeleg! 1. mars var det duka for folkemøte i skulen om konsesjonssøknaden på Holmen kraftverk/ Trygg veg til Jordalen og kraftleidningen frå Holmen til Kjønnagard som må byggjast for å få straumen ut på nett.

Dette er noko me har venta på lenge, og me føler men no er eit stort steg nærmare ny, trygg veg.
Konsesjonssøknaden vart lagt ut på høyring rett før jul med høyringsfrist 1. april. Så no må alle gode krefter skriva så blekket sprutar!
 
Frå venstre, Marit Carlsen, Carsten Jensen og Hans Jørgen Bihli, alle frå NVE.
 
Det var NVE  v/Carsten Jensen, seksjonsjef for Vassdragskonsesjon, som leia møtet, og Marit Carlsen, rådgjevar Vassdragskonsesjon, som er sakshandsamar for kraftverket, starta med å orientera om den vidare handsaminga av søknaden. Ho vart etterfylgd av Hans Jørgen Bihli, førstekonsulent Nettkonsesjon, sakshandsamar for kraftleidningen. Han orienterte om sakshandsaminga av den delen av søknaden.
Ting tek tydelegvis tid, og me lyt vel innstilla oss på ein vinter til med den vegen me slit med i dag, før konsesjonen er i boks.
 
Frå venstre: Ingvald Midtun, BKK, Arnstein Bjørke, Holmen Kraft og Kjetil Andersen frå Jøsok

Etter orienteringa frå NVE var det Holmen Kraft sin tur å orientera om planane og søknaden. Ingvald Midtun frå BKK, gav eit godt innblikk i vurderingane som er gjorde i fagrapportane, og kva som låg til grunn for det. Ansvaret for linja er det Kjetil Andersen frå Jøsok som har hatt, og han orienterte om dei ulike alternativa for kraftleidningen.
 
Frå venstre: Hans Erik Ringkjøb, ordførar i Voss, Arnfinn Gjerdåker, Voss kommunestyre (SV) og medlem i Jordalsvegnemda, Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss og medlem i vegnemda, Bjørn Sture Rosenvold, Aurland kommune, og Noralv Distad, ordførar i Aurland. I bakgrunnen: Leif Arne Vangsnes, Voss kommunestyre (FrP) og medlem i vegnemda.

Etter  runden med god orientering frå NVE og utbyggjar, var det duka for kaffi, rundstykker og gode kaker, og på ekte jordalsk vis var det rikeleg med mat.
Men mat og drikke hjelper som kjent på både kropp og sjel, og etter matøkta var det ein konstruktiv runde med spørsmål frå tilhøyrarane og svar frå NVE og utbyggjar.
Denne delen av møtet fekk grendalaget æra av å starta, fyrst med ein kort appell, fylgd av ein dvd med bilete og film som gjev eit godt inntrykk av Jordalsvegen med dei problem og utfordringar me har der. Siste delen av dvd’en viste Jordalen frå si beste sida illustrert i bilete og tonar.

No gler me oss til det vidare arbeidet, og ventar i spenning på fyrste salva!
 
Konsesjonssøknaden med alle vedlegg finn du på NVE sine heimesider.
 
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10