Tenneskreda gjekk igjen i natt, og vegen er stengd. Det har rast på begge sider av overbygget. Det har ikkje vorte vurdert som forsvarleg å opna vegen i dag.
Slik såg det ut frå traktoren til brøytaren før det for alvor sette inn med regnver i dag.
Med dei nedbørsmengdene som er meldt, går me spennande dagar i møte. Tysdag vart det tidlegare i dag meldt om rolegare ver, men dei siste meldingane er ikkje spesielt lovande, og det gjenstår også å sjå kor mykje av vegen som renn vekk i regnet.
Kaldakvilo gjekk også såpass i dag at ho demde opp heile Jordalselva. Godt vegen ikkje går der lenger!
Ein vaksen fiskehøl her enn så lenge
|