Håpar breibandet endeleg kan friskmeldast igjen. 15.03.11
Helikopteret går inn for landing på Vetlafjellet 2. mars
Breibandet vart igjen borte den 12. februar, og vart liksågodt borte resten av den månaden. 2. mars var det godt helikoptervær, og etter 5 timars arbeid hadde montørane skifta heile antenna. Dei sette også opp solcellepanel, då det var straumtilførselen som var problemet. Det er antakeleg brot på ein eller annan stad på den 2,5 km lange straumkabelen. I dag 15. mars har det igjen vore montørar på masta og montert opp fleire solcellepanel og vindmølle.
Montørane i arbeid på Vetlafjell 2. mars
Montørane i arbeid 15. mars Vindmølla er på plass i toppen av masta.
|