Helsing frå Ingvald Midtun!
 
Gjennom mange år har Ingvald Midtun i BKK vore konsulent for Holmen Kraft sitt prosjekt. Den dagen konsesjonen vart gitt, var han på sydlegare breiddegrader, og han fekk såleis ikkje vera med på festen. Her kjem ei helsing frå han i høve konsesjonen:
 
 
Når ein kjem attende frå ferie etter ei lengre reise er ein som regel trøytt og har berre lyst til å leggja seg. Slik var det også sist laurdagskvelden (1. mars) då me kom attende frå Gran Canaria. Måtte berre bla gjennom posten først. Der var det noko som fekk meg vaken. I Hordaland stod at OED hadde gitt konsesjonen til Holmen kraft for å byggja kraftverket. Eg vart brått vaken og sende gratulasjonar til Arnstein sporenstreks!
 
Eg har vore så heldig og fått vera med på laget til Arnstein og Sigmund som konsulent frå BKK. Dei tok kontakt for 8-9 år sidan for å få hjelp til å utarbeida planar og sakkunninge dokument som var naudsynte for ein konsesjonssøknad. Då hadde Sigmund allereie skissert planløysinga som eg syns var svært bra. Så sette me i gang den langvarige prosessen.
Sidan prosjektet også ville føra til ein trygg veg til Jordalen var dette ei spesiell gleda for meg å få vera med på.
 
Som strending, født og oppvaksen på Vinje, visste eg kva Jordølne har hatt å stri med for å koma seg til og frå den kjære bygda si. Eg minnest spesielt ei tragisk hending:
 
"Den 1. oktober 1961 skulle det vera konfirmasjon i Vinjekyrkja. Eg skulle sjølv konfirmerast den dagen saman med blandt anna to jenter frå Jordalen. Før me skulle gå inn i kyrkja frå Sion sveva det rykte om at det hadde skjedd ei utforkøyring med ein traktor på Jordalsvegen. Traktoren var på veg til Holmen med konfirmantar og kyrkjefolk. Rykta vart då dyssa ned, sikkert av omsyn til oss andre konfirmantane og for dei andre som skulle feira denne dagen. Tragisk nok var det ein som omkom og fire vart skadde. ( Her er det nok fleire i Jordalen som hugsar dette betre enn eg, men eg meinar å hugsa at det var onkel til ein av konfirmantane frå Jordalen som vart drepen. Bertin Jordalen, onkelen til Aud.)"
 
Det har vore i sann gleda å ha fengje vera med på dette prosjektet. Eg har jobba med utbyggingsprosjekt i 36 år i BKK. Som regel er det forståeleg nok stor motstand og sterke kjensler når det skal byggjast ut ny vasskraft. Natur, miljø og landskap vert som regel endra og eigedommar skal oreigast. Det er ikkje alltid like kjekt å stå fram og skal målbera slike prosjekt. Slik har det ikkje vore med prosjektet i Jordalen. Tvert om. Alle har vore positive. Lokalpolitikarar, forvaltarar, styresmakter, naturvernarar m.fl. ( skulle berre mangla forresten) har vore samstemte. Skulle eg våga meg på å trekkja fram ein, må det vetra tidligare miljøvernleiar hjå fylkesmannen i Hordaland, Terje Aasen. Han har vore smidig i sakshandsaminga og vore ein pragmatisk problemløysar andsynes aktuelle tiltak, både for miljø, natur og landskapsvernområdet.
 
Til slutt vil eg ynskja alle hjarteleg lukke til med utbygginga, og den nye vegen når den kjem, truleg om vel to år!
 
Ingvald.
 
 
 
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10