Kva er dette?
Kjærleiksballongen i Nåsalia 28.07.12
 
 
Då heimesidesnikkaren og sonen Sander køyrde nedatt Nåsalia laurdag 28. juni etter eit ærend i Tverraldsskaret, oppdaga dei denne ballongen i veggrøfta i Nåsalia. Det var akkurat nok helium igjen til at ballongen klarde å halda postkortet som var festa til ballongen oppreist. Kvar kom den frå? Eg kan røpa at eg har fått kontakt med avsendaren!

29.07.12.
 
Det var her, i veggrøfta rett under Haugane ballongen stod oppstilt. Eg veit enno ikkje kvar ballongen kjem frå, men den vart sleppt kl. 18.30 kvelden før den vart funnen her.
 
 
Som me ser er det eit par som heiter Beth og Jordan som har sendt denne ballongen av garde i høve bryllaupet sitt mindre enn 16 timar før den vart funnen i Nåsalia. Har den kryssa heile Nordsjøen over natta? Eg veit ikkje!

 
Seint på kveld 30. juli 2012: Eg har endeleg fått stadfesta at ballongen har teke heile den lange vegen over Nordsjøen frå Storbritania! Meir om det i morgon. Då får de sjå fleire bilete også!

31.07.12
 
 
Her, frå Shottle Hall i Belper, ikkje så langt nord for Derby i England, var det ballongen vart sleppt, fredag 27. juli kl. 17.30 GMT (18.30 norsk tid) for så å landa i Nåsalia før kl. 10.15 laurdag 28. juli. Den hadde då lagt bak seg i overkant av 1000 km, og har såleis helde omlag 65 km/t i snittfart for å nå hit på den tida.
 
 
Her går ballongen som landa i Nåsalia til vers saman med ei mengd andre ballongar med anna adresse. Men kven sende dei? Me veit at dei heiter Beth og Jordan, og at det var i samband med deira bryllaup fredag 27. juli ballongane vart sleppt.

01.08.12
 
 
Her er brureparet som er årsaka til ballongen som landa i Nåsalia. Brureparet, Beth og Jordan sitjande, og forlovarane ståande: "Best man", Nick, og "maid of honour", Kate.
 
 
Beth ser på ballongsleppet.
 
Du kan lesa meir om bryllaupet deira her, der ballongen vår er den einaste som er nevnt!
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10