Fiskekonkurranse
Tekst: Kristina
Foto: Gerd Ingrid, Kari og Trond Olav



Så har me prøvd oss på fiskekonkurranse óg. Eit av tiltaka i LivOGLyst-prosjektet vårt er kultivering av elva. Jordalselva har veldig mykje fisk, og då mykje liten fisk. Dette vil me prøva å gjera noko med, og då er oppfisking eit av tiltaka. Då passa det fint med ein fiskekonkurranse, både elvekultivering og sosialt samvær på ein gong!
Laurdag 7. september starta med skikkeleg godt fiskevêr, regn og skodda, men heldigvis heilt vindstilt og temperaturen var bra. Me møttest for påmelding Bortom, og etter at alle frammøtte var melde på talde me 29 stykk med store og små. Veldig kjekt at så mange vart med!


Kl. 11 gjekk starten for fiskekonkurransen og me kunne fiska langs heile elva frå tunnelopninga og ut til brua på Røyrdotten. Fisk etter fisk vart dregen på land både her og der, og kl. 14 var me samla att Bortom for å telja og vega fangsten.

 
Då alle fiskane var talde og vegde kom me til heile 60 fiskar på totalt 6,3 kg! Snittet var på 105 g, så det seier seg sjølv at det er mykje liten fisk i elva. Nokre sværingar var det likevel, eit par stykk på nesten 300 g!
Sjølvsagt hadde me premiar, og desse skulle delast ut til den største fisken, den minste fisken, den med flest fisk i antal og den med flest fisk i kilo.

 
Minste fisken hadde Steven Townsend fått, og den vog 26 g.


Største fisken fekk Merete Jordalen, på heile 293 g.


Inge Einar Jordalen hadde mest fiskelykke i dag, og kom attende med heile 20 fiskar i posen sin. Han fekk også premie for flest fisk i kilo, på til saman 1917 g.


Medan me talde og vog fisk var bålpanna klar, og me grilla pylser og kosa oss etterpå. Til og med sola stakk fram og helsa på.

Dagen var absolutt vellukka og gav meirsmak! Kjekt at så mange vart med, dette skal me nok prøva fleire gonger!

Tusen takk for flotte premiar til:
Skandinavisk Høyfjellsutstyr
Endeve Sport
Motorservice Bilsenter A/S
Sport 1 Voss

Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10