Nyttårskos i skulen
Tekst: Kari
Foto: Trond Olav



Laurdag 11.01 samlast me for å ta det nye året i bruk i grendalaget.
Maria Jordalen opna med ein toradarslått til stor glede for oss som fekk høyra på.



Etterpå var det resultatkunngjering og høgtideleg utdeling av premiane frå turkonkurransen i 2013. Deltakarar under 15 år frå dalen fekk eit bilete med motiv frå alle stadene det ligg turbøker: Idlegjelsbrua på gamlevegen, Berdalen, Slettedalen, Nåsafjellet og Bakkanosi.



Tanken bak då me starta med turkonkurransen var å motivera til å få folk
ut på tur, og det har verka veldig positivt med eit stadig større antal
som skriv seg i bøkene.
Etter at dei yngste fekk si påskjønning var
det opplesing av dei 20 beste, og dei 3 beste fekk kvar sin kopp i
premie. Vandrepremien vart også i år vunnen suverent av Sander Nåsen
Neteland med heile 202 poeng og 97 poeng framføre nr 2. Gratulera
Sander, du er ein verdig vinnar. Dersom Sander vinn til neste år og får
han vandrepremien til odel og eige.



Etter premieutdeling var det leik og moro til stor glede for både liten og stor. Takk til Maria som spelte til stolleiken, ho fekk spenninga/stemninga på topp.





Me avslutta stund med kaffikos og utlodding. Som vanleg var det mange fine vinstar, takk til alle som hadde vinstar med og som kjøpte lodd.



Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10