Jordalsvegen open igjen, men kor lenge varer det?
Sist oppdatert 7.02.11 kl. 21.30
Tenneskreda gjekk igjen måndag morgon, og har seinare gått fleire gonger. "Pyttane", som plar stenga mellom nedste tunnellen og overbygget gjekk også.
Voss Kommune og brøytesjåfør Magnar Nåsen opna frå kvarsi side. Mjølkebilen fekk henta mjølka i ettermiddag også, medan kommunen og brøytaren venta i tilfelle nye ras. Skuleborna, som plar gå på Oppheim skule måndagar og tysdagar har gått på Jordalen skule i dag pga. rasfaren.
Det har vore rikeleg med sørvest vind i helga, og skavlane har vakse seg store, slik som her på Nonshovden. Det er masse snø på lager til nye ras. Heldigvis ser det ut for at eit høgtrykk er på veg, så me kan få litt anna å tenka på ei stund.
Kjartan Ulvund på mjølkebilen fekk henta mjølka i dag óg, og bøndene trong ikkje sleppa tusenvis av mjølkelitrar i møkakjellarane.
|