Ola Bremnes kjem! Kjem du?
Me er klare! 30.10.13
Som seg hør og bør når ein skal ha konsert, lyt ein ha skikkeleg scene!
 
Om ikkje lokalet er så stort, så er her sitjeplassar til mange!


Foto: Øyvind Arvola

Tekst: Kristina


 

Me er utruleg stolte og glade over å kunna invitera til konsert med sjølvaste Ola Bremnes i Jordalen skule. Ola Bremnes  er mannen som har tidenes Norsktopprekord, er spesialist på Petter Dass, illustrerer ”Illustrert tyleskap” og har gjeve ut ny plate med eigne songar i år.

Med seg har Ola to eminente musikarar: Gitaristen Terje Nohr Olsen og lydmann og musikar Are Bredahl Simonsen. Som vanleg har han nyskrivne songar på lur, godt blanda med kjente og kjære songar som ”Mi pia”, ”Grågåsa”, ”Har du fyr” osv.

Du har nok også høyrt ”En dag skal alle døre åpne sæ” på radio i det siste. Den er frå Ola si siste plate ”I det blå” som har fått svært god mottaking blant publikum og presse. I Jordalen vert det sikkert smakebitar frå denne utgjevinga.


Ill.: Ola Bremnes

 

Ola Bremnes er ein svært allsidig artist som trivst i direkte møte med folk, enten dei befinn seg i Finnmark, i Gjøvik eller i Jordalen. Han klarar alltid å skapa ei lun og humoristisk stemning på sine konsertar. Terje Nohr Olsen fyl tett på med glitrande gitarspel og koring. Når dette vert toppa med fin-fin lyd og delikate musikalske innspel frå Are Simonsen bør det ikkje overraska nokon at dette vert knallbra!!

Konserten finn stad i Jordalen skule, torsdag 31. oktober kl 20:00. Billettpris: 250,- 

Førehandssalet av billettar er no avslutta. Det har gått forrykande, men det er plass til nokre fleire!

Me gler oss, Ola gler seg, ta turen DU og! Dette vert garantert ei stor musikalsk og intim oppleving!

Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10