Strålande skjærtorsdagsafta og

Skidag i Nåsen!

Tekst: Kristina

Foto: Gerd Ingrid, Kari, Einar Magne, Trond Olav

Onsdag 27. mars arrangerte Grendalaget for andre år på rad, skidag på bakkane til May Ruth og Trond Olav. Sola skein slik ho har gjort i heile vinter, og temperaturen var nett passeleg.  Oppmøtet var imponerande bra, mange små og store møtte fram. Bålpanna vart fyrt opp, og me grilla pylser, koka kaffi, steikte lappar og kosa oss. Dei minste aka og leika i snøborga og dei ”litt større” tok sats på hoppkanten. 

Det gjekk nesten på helsa laus når den eine storkaren etter den andre skulle visa kva dei var gode for. Men heldigvis gjekk alt bra, og underhaldningsverdien var nokså høg!

I tillegg til hoppkonkurransen var det parallellslalåm. Her vart ikkje like mykje knall og fall, men flott innsats og mykje moro.


Til slutt var det premieutdeling, der både flotte diplom og sjokolademedaljar vart utdelt. Me hadde ein flott dag med mykje moro og triveleg lag!

Resultat frå hoppkonkurransen, samanlagt etter to omgangar:
1. Christoffer André Olsen   27,5 m
2. Endre Farestveit Jordalen  25,5 m
3. Jan Gunnar Jordalen   21 m
4. Aslak Angelskår    20 m
5. Roald Nåsen Neteland   19 m
6. Stig Erlend Jordalen   18,5 m
7. Anders Townsend   18 m
8. Lasse Olsen    17,5 m
9. Steven Townsend   14 m
10. Eirik Jordalen    13,5 m
11. Sander Nåsen Neteland   12 m

Resultat frå parallellslalåm:
1. Endre Farestveit Jordalen
2. Anders Townsend
3. Roald Nåsen Neteland
4. Sander Nåsen Neteland
Aslak Angelskår
Steven Townsend
Lasse Olsen
Jan Gunnar Jordalen

Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10