The Northern Belle
Ein magisk kveld!
 
 
The Northern Belle greidde det! Lat det vera sagt med ein gong: Jordalen Skule egnar seg perfekt til konsertar, også når det vert litt meir rocka! The Northern Belle gav innfødde og tilreisande ei magisk oppleving! Over 70 i talet, frå ganske så unge til godt vaksne nikka i takt frå fyrste strofe.

Musikken deira finn inspirasjon frå sørstatane i Usa, med fotfeste i country, blues og americana. Frontfigur, låtskrivar og vokalist Stine Andreassen og dei andre bar tydeleg preg av å stortrivast på den intime scena. Den lokale helten Yngve Jordalen på kontrabass, og Bjørnar Ekse Brandseth, med røter i Nåsen, på gitar/pedalsteel og dobro leverte som vanleg! Desse to kjenner me også frå Yngve and his boogielegs. Johanne Flottorp på hardingfele gav oss også ein nydeleg slått medan dei andre tok ein pust i bakken. Ole-André Sjøgren leverte på gitar, og Svein Inge Bjørkedal, som også spelar med  Nico & Vinz (!), storkosa seg baki kroken med slagverket sitt!

 
Plateslepp var det også, då dei sleppte sin fyrste singel, på ekte vinyl, denne kvelden. Salet gjekk bra, og dei fekk mange nye fans denne kvelden.
 

Det var også høve til å sløkka tørsten med lokale varer frå Voss Bryggeri, og til dei som koste seg, og til dei som trudde det ikkje var plass, er det berre å seia: Det vert konsert til neste år også!

Mange bilete frå konserten finn du her:
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10