Stor stemning på Ola Bremnes-konserten
 

Tekst: Kristina

Foto: Ingerid Jordal, Kari, Inge Einar, Trond Olav

 


Konserten med Ola Bremnes kan oppsummerast med eit ord: Fantastisk!!
På førehand hadde me selt 85 billettar, i tillegg kom det litt fleire som kjøpte billett i døra. Så då konserten starta var skulehuset så godt som fullt!

 
Dagen før hadde me fått på plass nylaga scene, gamle kyrkjebenkar og omtrent samtlige stolar. Ikkje mange plassar var ledige då klokka nærma seg 20 og konsertstart.

 


Gitarist Terje Nohr Olsen ladar opp "backstage" Foto: Ingerid Jordal, avisa Hordaland

 

På lærarrommet som for høvet fungerte som ”backstage” var det dempa belysning og god stemning.

 


Lydmann og musikar Are Bredal Simonsen. Foto: Ingerid Jordal, avisa Hordaland

 

Lydmann og musikar Are Bredal Simonsen var klar bak i kroken sin, og så kom Ola Bremnes på scena saman med gitarist Terje Nohr Olsen.

 


 

Konserten var i gang, og dei dyktige karane hadde publikum i si hule hand frå fyrste tone. Me fekk høyra både nytt og gammalt, blant anna ”En dag ska alle døre åpne sæ” frå Ola sin nye cd ”I det blå”. ”Mi pia” var sjølvsagt med, og då konserten vart nydeleg avslutta med ”Har du fyr” var opptil fleire par auger i salen våte.

Ola Bremnes formidlar på ein fantastisk fin og varm måte, med gode historiar mellom låtane, gripande tekstar og vakre melodiar. Gitarist Terje Nohr Olsen spelar utruleg godt og underheld med gode kommentarar undervegs. Are Bredal Simonsen styrer lyd med stø hand og at desse tre karane er godt samspelte er det ingen tvil om!


Etter konserten var det råd å kjøpa cd og få signatur og ein liten prat på kjøpet. Då salen var tømd og alt utstyr var pakka ned fekk Ola, Terje og Are omvisning i kapellet i kjellaren, og sokneprest John Ove Thaule var med og viste fram den fine altertavla. Det vart ei fin avslutning på ein utruleg flott dag!

 

Så kan me oppsummera med at dette må vera århundrets hending i Jordalen, med knallsuksess og berre godord i etterkant! Me er veldig stolte og glade over å få til eit slikt arrangement, og veldig takknemlege for at Ola og hans eminente musikarar tok sjansen og risikerte livet* for å komma hit.

 
Og til dei som lurde: Me skreiv i forkant av konserten at Ola Bremnes har ein noregsrekord på "Norsktoppen". Ola fortalde historia sjølv: Ole Ivars hadde gamlerekorden med 72 veker på Norsktoppen før Ola kom med "Mi Pia". Den låg inne i 95 veker, og då la NRK ned heile programmet!

Tusen takk til Ola Bremnes, Terje Nohr Olsen og  Are Bredal Simonsen for ein fantastisk flott konsert!
Tusen takk til alle dykk som kom og høyrde på og delte denne kvelden med oss!
Tusen takk til Voss Sparebank for sponsing av annonsa!
Tusen takk til avisa Hordaland for god omtale både i for- og etterkant!


Me gler oss til neste gong!

 

*Å "risikera livet" starta med avisa Hordaland sin artikkel i forkant av konserten der bladfyken på glimrande ironisk vis beskriv faren ved å reisa til Jordalen for å høyra på musikk. Dette fekk Ola Bremnes med seg, og til brølande latter takka han alle som hadde "rissikert livæ førr å kåmme hit", som også referenten har fanga opp! Hss (heimesidesnikkar) mrk.

 


Foto: Ingerid Jordal, avisa Hordaland

 


Foto: Ingerid Jordal, avisa Hordaland

 


Foto: Ingerid Jordal, avisa Hordaland

 

 
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10