Rasar det ikkje over vegen, så...
 
...rasar det under vegen.   Oppdatert måndag 16.04.12
 
Tekst: Trond Olav  Foto: Einar Magne og Trond Olav
 
 
Dette var synet som møtte nokre av brukarane av Jordalsvegen torsdagskvelden den 12. april
 
 
I praksis skal det som heng igjen her, vera ei godt armert bru. Voss Kommune arbeider med å innhenta tekniske data for denne "brua", og den er enn så lenge godkjend for køyrety under 3.5 tonn. Det vil seia at i fyrste omgang vart omlag 3000 liter mjølk slått vekk laurdag 14. april. Ein kan ikkje frakta mjølk og dyr ut av bygda, og ein kan heller ikkje frakta kraftfór og anna fór inn i bygda. Frå Voss Kommune er det sagt at ein geolog skal på staden enten i helga eller måndag. Frå Tine Vest vert det opplyst at dei leitar etter ei løysing på korleis ein kan få mjølka ut av bygda.
 
 
På dette biletet ser ein plaststrimla som har lege oppå høgspentkabelen og telefonkabelen som går ut til bygda. Måndag ettermiddag hadde det framleis ikkje vore geolog på staden. Ein entrepenør var då i gang med å sprenga vekk lausmassar i bråtet ned mot elva for, som han sa, å koma ned til fast fjell. Uvissa over kva som skjer framover pregar folket i Jordalen no.
 
 
16. april 2012: Her er nokre av dei omlag 3000 mjølkelitrane i dalen som gjekk i sluken laurdag. Nye 3000 liter har gått same vegen måndag. Transportøren jobbar med ei løysing, slik at det er håp om å få køyra mjølka ned til overbygget frå onsdag eller torsdag, og pumpa den forbi rasstaden og over i mjølkebilen.
 
Jordalsvegen stengd for tunge køyretøy - Avisa Hordaland:
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10