Bondekafé med Nils T. Bjørke
-Håpar på avtale, men me må vera førebudde på brot
 
 
Godt 40 menneske tok vegen til Jordalen skule då Vossestrand Bondelag og Jordalen Grendalag skipa til bondekafé 30. mars. Veret viste seg frå si beste side, så den berykta Jordalsvegen var ganske så trygg for dei tilreisande. Kari fortalde om arbeidet i grendalaget, som om få veker feirar 5-års-jubileum.
 
Grendalagsleiaren
 
Gjest var avtroppande leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, som tok for seg den politiske situasjonen me har no med blå-blå regjering, og dei utfordringane me står framfor med Frp-landbruksminister. Men uansett kor store omveltingar Sylvi Listhaug føreslår, lyt dei få fleirtal i Stortinget. Listhaug er flink til å finna fram til bøndene som har kapasitet til å produsera meir, og gi inntrykk i media at den norske bonden tenker ein ting, landbruksorganisasjonane noko anna.
 
Avtroppande leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke
 
Spørsmål og kommentarar frå forsamlinga vart det også tid til, blant anna om samdrifter. ”Du lyt vera meir kritisk når du vel deg samdriftspartnar enn når du vel deg ektemake -  men eg har no vore heldig,” sa han! Det vert ein spanande vår med tanke på jordbruksoppgjeret, og utfallet av det. Han håpar på avtale, men me må vera førebudde på brot, med påfyljande aksjonar. Brotet for 2 år sidan var heilt avgjerande for at me skulle få ei utvikling i rett retning. Den blå-blå regjeringa vil også auka matproduksjonen i takt med folkeveksten. Det er måten dei vil gjera det på som ikkje er spesielt overbevisande!
 
Kaffi, rundstykker og kaffi høyrer med på ein bondekafé, og folk såg ut til å kosa seg i den vesle skulestova vår!
Turkonkurransen 2015-2016
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10