Dugnad på gamlevegen, nyebrua og kyrkjegarden
 
Tekst: Kristina. Foto: Kristina og Kari
 
Store og små i arbeid på kyrkjegarden
 
Sundag 10. juni hadde me dugnad på gamlevegen, kyrkjegarden og ved nyebrua over Idlegjelet. Nokre byrja på vegen i Truflateigen og rydda seg utover mot Storegroa. Resten av gjengen samla seg på kyrkjegarden. Her vart det planta blomar på gravene, vatna og heile kyrkjegarden vart raka. 
 
 
 
Nokre tok saga fatt og andre rydda vekk kvistar og tre på Gamlevegen.Vegen var godt tilgrodd, men med litt rydding vert det bra!
 
Etter endt arbeidsøkt fyrde me opp grillen og hadde felles pylsemiddag ute i det fri, og sjølvsagt noko godt til kaffi etterpå. Nok ein triveleg dugnad, og mykje godt arbeid vart gjort.
No er me snart klart for offisiell opning av nyebrua vår!

 
Grilling og sosialt samvær høyrer med når det er dugnad.
 
 
Badetemperaturen måtte prøvast, det heldt å stikke storetåa uti....
 
På kvelden var snikkarane på plass og sette på grinder på brua over Idlegjelet, så den er klar til beistaslepp.
 
Nyebrua over Idlegjelet har fått grind på kvar side.
Juletrefesten 2014
The Northern Belle 17.10.14
Påskebasaren 17.04.14
Konsesjonsfesten 28.02.14
Filmslepp 28.02.14
Olsokfeiring 2013 29.07.13
Jonsok 2013 23.06.13
TV-aksjonsmarsj 21.10.12
Nåsafjellet 12.08.12
Olsok 2012
Jonsokfest/bruopning 230612
Dugnad 10.06.12
Påskebasaren 2012
Skidag 4.04.12
God jol og godt nytt år! 01.01.12
Jolaverkstad 10.12.11
Sendebotn 31.07.11
Olsok 2011
Jonsok 2011
Fallskjermdropp i Nåsen 160611
Bondekafé 16. mars
Rasa i Gjelet Bilete januar 2011
Juletrefest 2.01.2011
Årsmøte 2010
Etablerarmøte i skulen 10.11.10
Kveldstur til Haugane og Berdalen
Turkonkurransen
Olsok 2010
Kveldstur til Bjødnabotn
Jonsok 2010
Dugnad 3. juni 2010
Påskebasaren 2010
Fisketur - august 2009
Olsok 2009
Berdalen 2009
Jonsokfeiring 2009