Etablerarmøte i skulen
Frå venstre Eling Oppheim, Åsmund Dale og Magnus Wammen, alle frå Verdsarvparken.
 
10. november hadde me besøk av Annbjørg Nordnes frå Voss Kommune, og naboen i aust, Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dagleg leiar i parken, Erling Oppheim, orienterte fyrst. Nærøyfjorden Verdsarvpark er eit partslag som arbeider på tvers av kommune- og fylkesgrensene. Dei er ei plattform for dei som vil driva med turisme i og rundt Verdsarvparken, og dei som vil restaurera kulturminne, som gamle bygningar og ferdselsårer. Parken er også med og stimulerer til oppretthalding av kulturlandskapet.
 
Åsmund Dale
 
Åsmund Dale, parkforvaltar kulturlandskap, orienterte om arbeidet med å setja i stand kulturminner i parken. Mest fokus no har det vore på vegen frå Bakka til Rimstigen, der dei bl.a. har hatt folk frå Nepal til å reparera murar.
 
Magnus Wammen
 
Magnus Wammen er restaureringshandverkar og hjelper dei som vil setja i stand gamle bygningar, både gjennom søknadsfasen og det praktiske arbeidet.
 
Annbjørg Nordnes, Voss Kommune
 
Annbjørg Nordnes frå Voss Kommune fortalde om kva kommunen kan bidra med når nokon vil starta opp med turisme , småskalaproduksjon eller anna tilleggsnæring. Ho fortalde også om nettsida kom-an.nosom skal vera ein vegvisar for nyskaping i Hordaland. Me fekk og mykje god informasjon omLivOGLyst- program for lokal samfunnsutvikling. Programmet er retta mot fremjing av entrepenørskap og utviklingskraft lokalt, og skal stimulera til nyskaping, næringsutvikling, bulyst og trivsel.
 
Praten gjekk vidare over kaffikoppen
 
Annbjørg Nordnes, Magnus Wammen, Åsmund Dale og Erling Oppheim
 
Ei lita påskjønning laut dei få!
 
 
 
Juletrefesten 2014
The Northern Belle 17.10.14
Påskebasaren 17.04.14
Konsesjonsfesten 28.02.14
Filmslepp 28.02.14
Olsokfeiring 2013 29.07.13
Jonsok 2013 23.06.13
TV-aksjonsmarsj 21.10.12
Nåsafjellet 12.08.12
Olsok 2012
Jonsokfest/bruopning 230612
Dugnad 10.06.12
Påskebasaren 2012
Skidag 4.04.12
God jol og godt nytt år! 01.01.12
Jolaverkstad 10.12.11
Sendebotn 31.07.11
Olsok 2011
Jonsok 2011
Fallskjermdropp i Nåsen 160611
Bondekafé 16. mars
Rasa i Gjelet Bilete januar 2011
Juletrefest 2.01.2011
Årsmøte 2010
Etablerarmøte i skulen 10.11.10
Kveldstur til Haugane og Berdalen
Turkonkurransen
Olsok 2010
Kveldstur til Bjødnabotn
Jonsok 2010
Dugnad 3. juni 2010
Påskebasaren 2010
Fisketur - august 2009
Olsok 2009
Berdalen 2009
Jonsokfeiring 2009